H o r d a h y t t a
vert oppvarma med ved.
Vatnet hentar vi i brunnen.
Og toalettet er ein stor, fin utedo.
Så det er ei hytte av den gode, gamle sorten.
Men ho verkar moderne og praktisk og er svært
lettstelt. Maten kokar vi på propan.
Ljos i myrke netter får vi hovudsakeleg
ved hjelp av stearin og parafin.
Men på kjøkenet har vi ei elektrisk lampe,
og i stova ein bilradio med kassettspelar.
Så vi manglar aldri dansemusikk!
Straumen til lampa og radioen kjem frå eit lite solcellepanelpå taket.
På dei to lofta er det soveplass til mange,
og kammerset har fire køyer.
Kring borda inne er det koseleg å sitje –
anten ein er mange eller få.
Og ute på tunet kan ein njote
sommaren både kveld og morgon.















