Hordahytta

Hordahytta tilhøyrer Hordalaget i Oslo. Ho ligg i Lillomarka, 430 m.o.h., nokre kilometer sør for Sinober, litt sør for Kjelsåshytta, like vest for den store myra Holåsmåsan mellom Vennervann og Kringler. 60.010405 gr. N, 10.839600 gr. E.

Du kan gå på stigen frå Solemskogen mot Sinober.
Men det er kortare (ca. 3,5 km.) på vegen og stigen frå Snippen stasjon. Turen tek ein time eller litt meir. Nokre av bakkane er heller bratte – etter austlandsk målestokk; hytta ligg 190 m. høgare enn Snippen. (Sjå kart.)

Medlemene kan bruke hytta så mykje dei vil!
Andre kan leige etter avtale. Ofte finn ein hytta tom, men av og til treffer du andre medlemer på tur. Og fem tradisjonelle gonger i året samlast vi til komlefest, skifyking, dugnad, dans, krabbefest, smalahovefest og nyttårsfest.  Sjå Arrangement.

Er du interessert i å vere med på noko av dette, eller reservere og leige hytta, ta kontakt med petterjm@gmail.com.

Pris: 
Overnatting: Medlemer 50,- Ikkje-medlemer 70,- Born 20,-  
Dagsvitjing (til ca. kl. 18.00): gratis  
Utleige (reservert hytte ei helg): 2000,-
Vipps: 722198  –  Kontonummer: 1503 8233731