Kven er vi?
Vi er ein gjeng som kjem frå land og by. Vi tilbyr ungdom og andre eit aktivt og hyggjeleg miljø i Oslo.
Bli med på:
Dugnad og dans på Hordahytta i juni.
På hausten har vi to høgdepunkt på Hordahytta:
- Krabbefest
- Smalahovefest
Aktiviteter
- Hordahytta i Lillomarka: Hordahytta si heimeside
- Måndagstrimmen på Oslo katedralskole
- Turar
- Kulturaktivitetar
- Middagsgrupper
- Aktivt dansemiljø i Hordaringen. Hordaringen si heimeside
- Lagsavisa Hordamål
- Vi stiller lag i kunnskapstevlinga Kven Veit. Hordalaget har vunne tevlinga seks gonger: Vi vann landsfinalen på NU-stemnet i 1999, 2000 og 2001. I 2002, 2003 og 2005 har vi likeeins vunne tevlinga (men utan at det vart arrangert finale).
Er du interessert?
Ta kontakt med nokon i styret (sjå nedst på sida) eller møt opp på eit av våre arrangement.
Du kan ôg senda oss ein e-post post@hordalaget.no.
Fortell gjerne litt om deg sjølv og kva slags aktivitetar du ønskjer.
Du må gjerne ôg senda oss e-post hvis det er andre ting du ønskjer å fortelja oss om.