Tog
Bilete
Arrangement
Hyttereglar
Medlemsskap
Hordalaget
|
|
Det
er Hordalaget i Oslo som eig og driv Hordahytta, |
![]() |
|
og medlemene brukar ho. Ikkje-medlemer er hjarteleg velkomne, og kan leige hytta ved spesielle høve.
|
Hytta ligg i Lillomarka, 430 m.o.h., nokre kilometer sør for Sinober, litt sør for Kjelsåshytta, like vest for den vakre, mellomstore myra Holåsmåsan mellom Vennervann og Kringler. Kortaste tilgjenge er å gå dei ca. 3,5 km. på vegen og stigen frå Snippen stasjon. Turen tek ein time eller litt meir, for nokre av bakkane er heller bratte - etter austlandsk målestokk: Hytta ligg 190 m. høgare enn Snippen. (Sjå kart.) |
|
Opp til ca 40 personar kan overnatte, 4 i køysenger på kammerset, resten på flatseng på to store hemsar. Ta med sovepose. (Sjå fleire bilete og meir informasjon om hytta.) Pris: Overnatting: Medlemer 40,- Ikkje-medlemer 50,- Born 20,- Dagsvitjing (til ca. kl. 18.00): 10,- Kontonummer: 1503 8233731 Medlemene kan bruke hytta fritt når dei vil.
Ofte finn ein hytta tom, men av og til treffer |
|
|
|
Ynskjer du å delta i eitt av desse arrangementa, eller lurer du på
noko som gjeld hytta,
så send gjerne nokre ord til pejoha-m på online.no.
Reglar for bruk av hytta * Bli medlem! * Bilete * Kart * Togtider
© P. J. Mohn. Oppdatert: 10.02.2022