Hordam@il-arkiv 2009










Hordam@il nr. 17/2009

JULEAVSLUTNING I HORDARINGEN
 
I kveld kl 1900 i Storsalen i Nordahl Bruns gate 22 er det juleavslutning i Hordaringen. Det vert fridans og leia dans, julegraut, godt drikke og utlodning. Inngang kr 40.
 
Det er lett å bli med i dansen for deg som har lyst å sjå korleis det er Hordaringen eller for deg som har vore borte frå dansen ei stund.
 
Nokre dansevideoar frå Hordaringen:
http://www.hordaringen.no/aktuelt.htm
 
 
VIDAREGÅANDE KURS I HORDARINGEN
 
Etter nyttår vert det vidaregåande kurs i folkedans i Hordaringen. Førebels datoar er 14/1, 21/1, 472 og 11/2 kl 1900 – 2000 og kanskje nokre gonger til avhengig av interessa.
 

Hordam@il nr. 16/2009

SMALAHOVEFEST
 
Den tradisjonelle smalahovefesten går av stabelen på Hordahytta laurdag 21. November:
http://www.hordalaget.no/hytta/smalahove.htm
 
Påmelding til Petter Mohn innan torsdag 12. November på epost ...@...
 
Ta med poteter, kålrabi, frukostmat, sovepose og godt humør. Musikkinstrument er velkomne. Hyttestyret skaffar hovudretten.
 
Pris: kr 175 for medlemmer, 200 for ikkje-medlemmer.
 
Kjentmannstoget går frå Oslo S 1547.
 

Hordam@il nr. 15/2009

SPRINGAR, RUDL OG HALLING I HORDARINGEN I MORGON
 
Hordaringen har fått ny spelekvinne: Iselin Eikås. Ho er særleg flink til å spela springar, rudl og halling, så det vert ekstra mykje av det i Hordaringen i morgon kveld.
 
 
FOLKEDANSKURS I HORDARINGEN
 
Torsdag 15. oktober kl. 19 - 20 startar nytt folkedanskurs i Hordaringen, Nordahl Bruns gate 22 i Oslo. Kurset går over 9 kveldar fram til 10. desember og varer i alt 12 timar ved at dei tre siste kveldane er det ein ekstra time dans saman med Hordaringen inkludert i kurset. Ved å dansa saman med røynde dansarar er det lettare å læra. Det vert undervist i gammaldansar som vals, reinlender og maskurka pluss bygdedansen pols (Rørospols).
http://www.hordaringen.no/kurs.htm
 

Hordam@il nr. 14/2009

AMERIKANSK SWING-INSTRUKTØR I HORDARINGEN I KVELD
 
I kveld kjem den amerikanske instruktøren Walter Dill til Hordaringen. Han har vore aktiv innan folkelege former av swing og selskapsdans.
 
I Hordaringen i kveld skal han instruera i folkelege swingformer og kanskje litt cajun og zydeco. Dei to siste er livlege swingande musikkformer frå Louisiana. Zydeco vert ofte kalla svart cajun.
 

Hordam@il nr. 13/2009

KRABBEFESTEN
 
Me minner om at Petter treng påmelding til krabbefesten seinast i morgon torsdag 10. sep. på telefon 21 30 42 85,  95 88 71 38 eller epost ...@...  Merk at Petter har ny epostadresse
http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#Krabbefest
 
Me vil og oppmoda folk om å ta turen opp tidleg på laurdagen og vera med på litt dugnad.
 

Hordam@il nr. 12/2009

FAMILIEHELG PÅ HORDAHYTTA OG SINOBERDAG
 
I samband med Sinoberdagen søndag 6. sep. oppmodar me barnefamiliar om å ta med borna på Hordahytta den helga. Sinober ligg ein halv times gange nord for Hordahytta. På Sinoberdagen brukar det å vera musikk, dans, dyr og husflid, pluss ein matbit å få kjøpt. Ta gjerne kontakt med Eldbjørg Markhus eller Kari Oppheim.
 
 
KRABBEFEST PÅ HORDAHYTTA
 
Laurdag 12. sep. er det krabbefest på Hordahytta. Påmelding til Petter Mohn:
http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#Krabbefest
 

Hordam@il nr. 11/2009

SOMMARAVSLUTNING I HORDARINGEN
 
Torsdag 11. juni kl. 1900 er det sommaravslutning i Hordaringen i Nordahl Brunsgate 22. Gamle og nye medlemmer, kursdeltakarar med og utan følgje og andre som har lyst vert oppfordra til å møta. Det vert dans med og utan leiing, mat og loddsal. Inngang kr. 40.
http://www.hordaringen.no/terminliste.htm
 
 
BLÅTUR I HORDARINGEN
 
Torsdag 18. juni har Hordaringen blåtur til Håløygheimen ved Lyseren i Enebakk. Treng du skyss dit, så brukar slikt å verta avtalt under matøkta torsdagen før, som no er sommaravslutninga.
 
 
OPNING AV DANSEPLATTING OG DUGNAD PÅ HORDAHYTTA
 
Laurdag 20. juni er det opning av danseplattingen på Hordahytta med grilling og utedans. Ta med grillmat. Kom gjerne tidleg på dagen og bli med på dugnad.
http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#dugnaden
 
 

Hordam@il nr. 10/2009

TUR PÅ HORDAHYTTA TIL HELGA
 
Oddvar og eg har avtalt at me skal ta ein tur på Hordahytta frå laurdag til søndag no til helga. Me dreg opp med toget frå Oslo S 1145. På hytta har me tenkt å gjera ein del dugnadsarbeid, og om kvelden har me tenkt å laga komler. Dei som har lyst å bli med, er velkomne. Eg skal kjøpa inn lammekjøt, så gje meg eit hint på telefon 48 20 20 58 om du vil at eg skal kjøpa til deg og.
 

Hordam@il nr. 09/2009

.
 

Hordam@il nr. 08/2009

SØNDAGSDANS
 
Hordaringen arrangerer søndagsdans i Nordahl Brunsgate 22 kommande søndag. Minikurs i finnskogpols kl. 1800 og vanleg dans frå kl. 1930 – 2300. Instruktør i finnskogpols er Bjørn Sverre Hol Haugen. Prisen på minikurs er no justert attende til gammalt nivå – 100 kr for alle., og det inkluderer då inngang til heile dansekvelden
 
 
PÅSKEAVSLUTNING I HORDARINGEN
 
Hordaringen har påskeavslutning torsdag 2. april i Nordahl Brunsgate 22 kl. 1900. Aud-Elin og Berit R. med fleire driv no og planlegg korleis dei skal gjera det ekstra triveleleg for oss denne kvelden. Det vert dans og mat pluss litt dans til dessert. Inngang kr. 40. Det er plass til både medlemmer og andre, og det er ikkje vanskeleg å bli med.
 
 
GRATIS BYGDEDANSDISKOTEK
 
Kvar tysdag ut april (ikkje i påskeveka) er det bygdedans frå Vestlandet til CD-musikk i NB 22 kl. 1800 – 1900. Gratis inngang. Ingen instruksjon.
 

Hordam@il nr. 07/2009

KOMLEFEST OG SKIFYKING PÅ HORDAHYTTA
 
Petter minner om komlefesten/skifykinga til helga, og at folk må melda seg på, slik at han kan planleggja matinnkjøp. Påmelding til Petter:
http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#komlefest
 
 
MEDLEMSPENGAR FOR HORDALAGET
 
Medlemspengar for 2009 er:
 
Vanleg medlem: kr. 375
Ungdom 15 til 25 år: kr 300
Barn 0 til 14 år: kr. 100
Husstandsmedlem (når ein annan i husstanden betalar vanleg medlemspris): kr. 300
Medlemskap første året: kr. 300.
 
Medlemspengar skal betalast til konto 0530 33 74584.
 
 

Hordam@il nr. 06/2009

PLASS TIL FLEIRE PÅ STANDUPSHOW
 
Berit melder at ho har plass til fleire no på laurdag 28. feb. Middag kl 1800 på Jacob Aall Brasserie og Bar, Stranden 63 på Aker Brygge.
 
Standupshowet med Roar Brekke
http://www.roarbrekke.no/?page_id=162
finn stad på Klubbscenen på Latter på Aker Brygge kl 2100. Billett (unummerert) kjøper du sjølv på Billettservice eller Latter.
 
Berit må ha beskjed I DAG om du vil vera med: telefon 22 25 67 48 (p) eller 22 24 08 52 (a), eller på epost ...@...
 
 
KOMLEFEST OG SKIFYKING PÅ HORDAHYTTA
 
Neste helg, 7. – 8. mars er det komlefest og skifyking på Hordahytta. Skifykinga har dei siste åra vore skirenn med ulike disiplinar, men for dei som vil fyka langt på ski, brukar me den gamle velprøvde måten med å måla hopplengde i desimeter og ropa ut utan desi:
http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#komlefest
 
 

Hordam@il nr. 05/2009

STANDUP MED ROAR BREKKE: KROPPSØVING
 
Laurdag 28. feb. er det standupshow på Klubbscenen på Latter på Aker Brygge. Før forestillinga er det høve til å vera med ut på middag.
 
Roar Brekke frå Odda kjem med forestillinga Kroppsøving:
http://www.roarbrekke.no/?page_id=162
 
Forestillinga startar kl. 2100. Dørene opnar kl. 2000. Billettpris er kr. 110. Merk: Billettar kjøper kvar einskild på Billettservice eller på Latter. Merk at det er på Klubbscenen:
http://www.billettservice.no/html/venue.htmI?l=NO&venue=OLK&sys=32
 
http://www.latter.no/show/showPlan.php?method=s&showID=81
 
Middag:
Berit Rørvig og Aud-Elin Humberset organiserer middag ein stad på Aker Brygge kl. 1800 same kveld. Om du vil vera med på middagen så kontakt Berit innan fredag 20. feb. på telefon 22 25 67 48 (p) eller 22 24 08 52 (a), eller på epost ...@...
 

Hordam@il nr. 04/2009

TORADERTREFF PÅ LØRENSKOG
 
Fredag 13. feb. kl. 1900 er det toradertreff på Kjenn skole på Lørenskog. Inngang kr. 50.
http://www.trekkspill.no/arrangementer2009/toradertreffkjenn.pdf
 
 
VESTLANDSSPRINGARKURS
 
Søndag 15. feb. kl. 12 – 16 arrangerer Hordaringen kurs i Vestlandsspringar i Nordahl Brunsgate 22. Instruktør er Alix Cordray. Ingen påmelding. Pris kr. 160.
http://www.hordaringen.no/Vestlandsspringar-kurs-15_2_09.pdf
 
Dessutan: På øvingskveldane til Hordaringen 19. og 26. feb. pluss 5. mars vert det Vestlandsspringar før pausen.
 

Hordam@il nr. 03/2009

VESTLANDSFANDEN PÅ HERR NILSEN I KVELD
 
Med Vestlandsfanden var ikkje død:
http://herrnilsen.no/H020209.html
Kl. 2000. Inngang kr 150.
 
 
ÅRSMØTE OG PLANLEGGINGSMØTE
 
Vi minner om årsmøtet som finn stad i morgon, tysdag 3. feb., kl. 1800 i Småsalen med inngang til venstre i porten. Rekneskap vert delt ut på møtet. Etter at årsmøtet er slutt, vert det planleggingsmøte. Det vert servert pizza, enten under møtet, eller ved at vi går ut etterpå.
 

Hordam@il nr. 02/2009

LEIKFEST PÅ GREÅKER
 
Laurdag 31. januar er det leikfest på Greåker Folkets Hus. Påmelding innan 24. jan.
http://www.bulsarpsborg.no/news-8.asp?nid=9
 
Ein del frå Hordaringen brukar å dra dit, så ønskjer du nokon å slå lag med, kan du ta ein tur i Hordaringen i kveld og finna ut kven som skal nedover.
 
 
DANSEGALLA I DRAMMENSHALLEN
 
Laurdag 31. januar er det dansegalla i Drammenshallen.
http://dt.no/article/20080110/LDRAMMEN/222354693/1063/NYHET
 
Det som kan krypa og gå av swingfolk har tenkt seg dit.
 
 
NORDLEIK
 
Det store nordiske folkedansstemnet Nordleik går av stabelen i Lahti i Finland 30. juni – 5. juli.
http://www.ungdomslag.no/sider/folkedans/nordleik.php?meny=2
 
Alle folkedansarar bør oppleva Nordleik som vert arrangert rundt om i Norden kvart tredje år.
 
Her er det heilt naudsynt med påmelding og detaljert bestilling alt no i januar. Alix Cordray organiserer ein flokk som skal dra frå Hordaringen. Vil du bli med, må Alix ha påmelding med alle detaljar seinast 29. jan.
 
 

Hordam@il nr. 01/2009

NYTTÅRSFEST I RUNDSNUEN
 
Laurdag 17. jan. kl. 1830 er det nyttårsfest i Rundsnuen med konsert og dans. Husk gammaldansorkester spelar og Rundsnuen har bakt. Pris 250/150. Påmelding innan onsdag 14. jan. til Kato Johansen 91557568 / ...@... eller Jens K. Engstrøm 901 76 442 / ...@...
http://www.folkedans.com/rundsnuen/
 
 
DANSEHELG I VALDRES 27. FEB – 1. MARS
 
Anne Karin informerer: Helga 27. feb. – 1. mars er det dansehelg på Fagernes. Musikken er noko av det som går best heim hjå swingfolk: Contrazt (fredag) og Kindbergs (laurdag). Pris for dobbeltrom 2190 pr. person med heilpensjon og inngang fredag og laurdag. Kurs i bugg med dei svenske meisterane Margit og Thomas Aronson: Kr 100. Ved gruppebestilling er prisen 2050 pr. inkludert kurs.
 
Anne Karin anbefalar å bestilla tidleg (Quality Hotell 61 35 80 00). I fjor var dei 280, og i år er det venta fleire.
http://www.choice.no/html/no15209592.jsp