Hordam@il-arkiv 2003




Hordam@il nr. 29/2003

NYTTÅRSFEST

Frå Petter: Det vert NYTTÅRSFEST på Hordahytta i år!

Deltakarane tek med seg:
* PINNEKJØT eller annaÝ
* Potet- og kålrotstappeingrediensar,Ý
* drykk,
* songstemme, instrument e.l., godt humør og
* evt. frukostmat og sovepose.

Overnattinga kostar 40,-Ý for medlemerÝog 50,- for ikkje-medlemer.

Påmelding tilÝ ...Ý Ý/Ý 21 91 40 14ÝÝÝ/Ý Ý95 88 71 38

Kjentmannstoget går frå Oslo SÝ kl. 15.17 Ýog er på Snippen Ý15.37

<http://www.hordalaget.no/hytta/nyttaarsfest.htm>http://www.hordalaget.no/hytta/nyttaarsfest.htm<http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#nyttÂrsfest>
 

PLANLEGGINGSMØTE

Torsdag 8. jan. vert det planleggingsmøte i Nordahl Brunsgate 22.  Vi ber alle nemndene om å ha klar forslag til aktivitetskalendar for året 2004. Det må møte minimum 1 person frå kvar nemnd, men helst heile nemnda pluss andre som er interesserte i å vera med og skapa aktivitet i laget.
 

NYTTÅRSFEST I RUNDSNUEN

Rundsnuen har tradisjonell nyttårsfest laurdag 10. jan kl 1830 - 2400.  Dalakopa spelar.

http://www.folkedans.com/rundsnuen/
 

Hordam@il nr. 28/2003

JULEAVSLUTNING I HORDARINGEN

Hugs juleavslutninga i Hordaringen førstkomande torsdag kl. 19.00 (presis). Er du ikkje alt komen i julestemning så blir du det no. For her blir det både julegløgg, julegraut, julesongar og kven veit kva meir. Dette kjem til å bli ein kjempefestleg kveld!

Alle er hjarteleg velkomne. Vel møtt!
 

Hordam@il nr. 27/2003

DANSEGALLA PÅ LILLESTRØM

Laurdag 29. nov. er det dansegalla på Lillestrøm Varemesse 1900 - 0200. Ole Ivars, Picazzo og Lasse Johansens orkester spelar.  Billettar kr 315 på Billettservice.
 

FOLKEMUSIKKVELD PÅ NORGES MUSIKKHØGSKOLE ONSDAG 3. DESEMBER KL 1900

Du vil få høyre studentane i solo og samspel og i ulike grupper som Tindra og Majorstuen. Fleire av lærarane vil også delta i konserten m.a Hauk Buen, Håkon Høgemo,Tellef Kvifte og Torleif Stave. Etter konserten er det salg av mat og drikke og dans til god dansemusikk fram til kl. 2400. NRK P2 gjer opptak av konserten. Billettar kr 100/50
 

JULEROCK

Laurdag 6. des. er det 60-talsjulerock i Folkets Hus i Oslo med Pussycats, New Jordal Swingers, Beatniks, Arrows og Moon Cats.

 http://www.amorada.com/julerock%20text.htm
 

Hordam@il nr. 26/2003

TIPS: GRATIS LOVLEG NELASTING AV NORSK MUSIKK

Denne veka, 24. - 28. nov. er det gratis å lasta ned store mengde norsk musikk frå

http://www.musikkonline.no/shop/default.asp

Du treng å registrera deg, og du har ikkje lov til å brenna msuikken på audio-CD.
 

JOSEFINE ONS. 26. NOV.

På onsdag er det bestilliingsverk på Josefine Viseklubb, med verk av: Anne Grete Preus, Reidar Brendeland, Unni Løvlid, Aslag Guttormsgaard, Hanna Trondalen og Liv Kreken. Allle kjem, så nær som Reidar Brendeland, som stiller med vikar: Kjell Breivik.

Dørene opnar 1900 og konserten startar kl 2030.
 

Hordam@il nr. 25/2003

SISTE MÅNDAGSTRIM I HAUST

Måndag 24. nov. kl 1645 - 1800 er det siste måndagstrim i haust.

Etter trimmen dvs. bortimot 1830 går trimgjengen på italiensk restaurant i Waldemar Thranesgt oppe ved Santkhanshaugen.
 

FOLKEMUSIKKPUB MED JAN BEITOHAUGEN GRANLI

Etter at du har ete italiensk mat med trimgjengen, går turen til folkemusikkpuben på Prøverøret på Bør og Børsen (Trondheimsveien 13).  Kl. 2030 (dørene åpner 20.00) er det konsert med Landskappleikvinnar (2002) Jan Beitohaugen Granli.  Billetter kr 50,-

Sjå: http://www.folkemusikkscena.no/beitohaugen.htm
 

Hordam@il nr. 24/2003

JULEKONSERT/KULTURONSDAG 3. DESEMBER - KONSERT I GRØNLAND KIRKE KL. 19.30
(Frå Berit Rørvig)

J.S. Bach Juleoriatoriet Kantate I-III

Oslo Bach-kor og Oslo Symfoniorkester under leiing av Iver Kleive
Solistar: Linda Øvrebø (sopran) - Marianne E. Andersen (alt) - Henrik Engelsviken (tenor) - Njål Sparbo (bass)

i Grønland kirke onsdag 3. desember kl. 19.30.Ý NB: for gode plassar er det lurt å komma tidlegg.

http://www.oslobachkor.no/

Lagsmedlem Toril syng i Oslo Bach-kor og gled seg til å ha hordavenner som tilhøyrarar.Ý Koret sel billettane for kr. 180,- til venner og kjende (ordinær pris kr 220, barn under 12 år gratis/ingen moderasjon for studentar eller pensjonistar).Ý Du kan få bestilla desse billettane ved å betala kr. 180,- per billett innan 17. november til Toril Willoch, Arnulf Øverlands vei 252, 0763 OSLO, kontonr. 83805632200.Ý Toril kan nåast på tlf. 22148718 (p), 99743916 (m) eller e-mail ... hvis du har spørsmål.Ý Berit Rørvig får dei bestilte billettane av Toril, og dei må hentast seinast ein halv time før konsertstart ved Grønland kirke.

Eller møt opp på Kafe Asylet, Grønland 28 frå kl. 17.00 for litt mat/drikke og felles avmarsj til konserten.

Kontaktperson for julekonserten/kulturonsdagen: Berit Rørvig, tlf. 22 25 67 48 (p) tlf. 22 24 61 26 (a) eller e-mail ...
 

FLEIRE KONSERTAR

Oslo Bach-kor syng òg Juleoratoriet på tysdag 2. desember kl. 19.30 (billettar til spesialpris kr. 180,- gjennom Toril).Ý Denne kvelden i Helgerud kirke, like ved Bærum sykehus nær Sandvika.

http://www.oslobachkor.no/

Koret framfører òg konserten "Juleevangeliet" som er samansett av korets dirigent Iver Kleive, og består av gamle og nye julesongar.Ý Det blir også lese tekst frå juleevangeliet i Bibelen.Ý Denne konserten vert framførd 12. desember i Fagerborg kirke kl. 20.00 og i Helgerud kirke 14. desember kl. 21.00.Ý Ordinær pris er 200,- men Toril selger billettar for kr. 150,- til vener og kjende.

Hvis du ønskjer billettar til desse konsertane, kan du òg kontakta Toril Willoch, sjå tlf. og e-mail over.
 

TINDRA PÅ JOSEFINE VISEKLUBB

Folkemusikkgruppa Tindra spelar onsdag 12. nov. kl 2030 på Josefine Viseklubb. Dei vann open klasse på Landskappleiken 2003.  Tindra består av tre unge folkemusikkjenter med utdanning få Musikkhøgskulen: Irene Tillung, akkordeon, Åshild Vetrhus, sang, Jorun Marie Rypdal Kvernberg, fele og hardingfele
 

Hordam@il nr. 23/2003

FREDAGSTREFFET 7. NOV.

På fredag kl. 1900 i NB 22 vil Bergljot Engeset presentera boka si, "Innflyttar".  I denne boka er miljøet i NB 22 og fleire ulike lag beskreve frå ca. 1960 og frametter.

Musikk og visesong ved Hans Christian Høie,  Lars Petter Eliassen m.fl.
Dans dersom det er stemning for det.   Enkel servering.

Pris: kr. 50 for medlemmer og kr. 60 for andre.  Alle velkomne
 

FOLKEMUSIKKPØBB

Måndag 11. nov. kl. 2030 (dørene opnar kl. 2000) på "Prøverøret" på Bør og Børsen, Trondheimsveien 13, spelar Andreas Bjørkås frå Oppdal.  Som B-klassing vann han over heile A-klassen i vanleg fele på sist landskappleik.

 http://www.folkemusikkscena.no/
 

Hordam@il nr. 22/2003

Vi minner om:
SMALAHOVEFESTEN 15 NOV

Påmeldingsfristen for vår tradisjonelle smalahovefest nærmar seg:Ý Hugs på å melda deg på innan tysdag 4. nov.Ý Detaljar om smalahovefesten finn du på:

<http://www.hordalaget.no/hytta/smalahove.htm>http://www.hordalaget.no/hytta/smalahove.htm
 

FREDAGSTREFF

Fredag 7. nov. kl. 1900 i Nordahl Brunsgt. 22 vil Bergljot Engeset
presentera boka "Innflyttar".Ý I boka skriv ho mykje om miljøet i NB
22 gjennom fleire tiår.
 

KURS I HALLINGSPRINGAR

Laurdag og søndag 1. - 2. nov kl. 12 - 16 har Hallinglaget kurs i Hallingspringar i NB 22.
 
 

Hordam@il nr. 21/2003

SMALAHOVEFEST

Laurdag 15. nov. går Hordalaget sin tradisjonelle smalahovefest av stabelen.  Påmelding innan tysdag 4. nov.  Detaljar finn du på:

http://www.hordalaget.no/hytta/smalahove.htm
 

FREDAGSTREFF

Fredag 7. nov. kl. 1900 i Nordahl Brunsgt. 22 vil Bergljot Engeset presentera boka "Innflyttar".  I boka skriv ho mykje om miljøet i NB 22 gjennom fleire tiår.
 

MÅNDAGSTRIMMEN

Tur&Idrettsnemnda minnar om måndagstrimmen kvar måndag 1645 - 1800 på Oslo Katedralskole og oppfordrar fleire til å møta.
 

OPPDATERING AV VEVSIDER FOR HORDALAGET, HORDARINGEN OG BLS

Det er lagt ut mange nye bilete på:

http://www.hordalaget.no/index.html

http://www.hordaringen.no/biletsamling.htm

http://www.bls.no/stemne.htm
 

OSLOKAPPLEIKEN

Laurdag 25. okt. er det Oslokappleik og jubileumshelg i Lff:

http://www.folkemusikkscena.no/lff/lff.htm
 

EPOSTPROBLEM

Om de lurer på kvifor de fekk Hordam@il i tre eksemplar for litt sidan, så er årsaka at Tele2 sin eposttenar hadde problem.  Tilsynelatande fungerte det ikkje då eg sende, så eg prøvde ein gong til utan hell, og neste gong eg sjekka post gjekk melding ut for tredje gong, heilt automatisk.  Andre vart visst ute for liknande ting.
 

Hordam@il nr. 20/2003

HAUSTDANS PÅ VESTFOSSEN

Laurdag 11. okt kl. 2000 er det haustdans på Folkets hus på Vestfossen.  Einar Stake brukar å få fat i orkester som spelar svært dansbar swingmusikk.  Difor dreg det ein god del swingfolk hit. Denne gongen spelar Rios frå Sverige.  Billettpris kr. 120.-.

http://home.c2i.net/eikerdans/
 

Hordam@il nr. 19/2003

HAUSTFEST I RUNDSNUEN

Laurdag 4. okt. er det haustfest i Rundsnuen.  "Over Stok og Sten" spelar.  Dei har mange topplasseringar på både individuelt og som gruppe; særleg har dei mange førsteplassar på Landsfestivalen i gammaldansmusikk, seinast i år.

Dørene opnar kl 1800, konserten byrjar kl. 1830, og dansen går frå 1915 til 2400.  Kl. 2100 er det som vanleg ein stor kakepause med sånn omtrent 28 heimebaka kakesortar.

Påmelding innan 1. okt. til Irene Reinskou 22 22 90 33 (p) eller Astrid Hunderi tlf. 23 07 10 67 (a).  Pris kr. 220.-.
 

ARTIKKEL OM ODDVAR GRIM SIN VETERANBIL

I siste nummeret av Norsk Motorvetaran (nr. 8/2003) s. 31 - 33 er det ein artikkel på 3 sider med mange bilete om Oddvar sin 1962 Mercury Monterey Custom S-55.  Og om du ikkje veit det: Oddvar var leiar i Hordalaget i 1989.
 

Hordam@il nr. 18/2003

PÅMELDING TIL KRABBEFESTEN PÅ HORDAHYTTA

Påmeldingfristen for krabbefesten er i morgon torsdag 11. sept. til Petter Mohn på
...

Detaljar finn du på: http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#Krabbefest
 

Hordam@il nr. 17/2003

FAMILIEDAG PÅ SINOBER

Søndag 7. sept. er det familiedag på Sinober med program frå klokka 1200.  På programmet står det aktivitetar for born, sal av ymse husflidprodukt, utvida servering og dans eit orkester der Sigurd, Alix og Lars Petter er med.

Sigurd har tenkt seg på hytta på laurdag og lurer på om ikkje fleire vil bli med. Sinober ligg ein halv times gange nord for Hordahytta.
 

HAUSTTUREN

Slik det no ser ut, vert Hordaringen sin hausttur avlyst, men Hordalaget og Hordaringen prøver å få til ein tur om to veker, 19. - 21. sept. slik som først planlagt.  Det kjem truleg meir informasjon i Hordaringen i kveld og ny Hordam@il om kort tid.
 

TIPS: FLY FOR KR. 94.- MED NORWEGIAN

Norwegain har no jubileumstilbod, men du lyt tinga innan i morgon: Fly for kr. 94.- (= kr. 0.- pluss skatt) pr. strekning frå midten av november til midten av februar, unnateke juletrafikken.  Det er framleis att rundt 20000 billettar, men ikkje på søndagar.

http://www.norwegian.no

Tips: Søk på ein og ein strekning for å finna dei beste prisane.
 

Hordam@il nr. 16/2003

MÅNDAGSTRIMMEN

Måndag 1. sept. startar trimmen opp att kvar måndag kl. 1645 - 1800.  Det er variert trim med løping, sirkeltrening og ballspel. Valdagen 15. sept. er det ikkje trim.

Halvårskort kostar kr. 400.-, eller du kan betala kr. 40.- kvar gong.
 

HAUSTTUREN

Tur & idrettsnemnda har i samråd med Hordaringen bestemt at sidan det er sett opp hausttur både for Hordalaget og Hordaringen , bør vi slå saman dei to turane.

MERK: Turen vert FLYTTA FRAM til helga 5. - 7. sept.

Turen går til Nordmørshytta på Haglebu i Eggedal.  Ta med bil, sovepose, drikke og brødmat.  Hordaringen ordnar fellesmiddag fredag og laurdag. Frammøte ved Nordahl Brunsgt. 22 fredag 5. sept. kl. 1700.

Påmelding innan onsdag 3. sept. til Aud Elin på telefon 22 25 71 32 (p) eller 98 40 19 03 (m). Opplys om du kan stilla med bil.
 

KRABBEFESTEN

Laurdag 13. sept. er det krabbefest på Hordahytta.  Detaljar finn du på: http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#Krabbefest
 

Hordam@il nr. 15/2003

DELTAJAZZ

Laurdag 23. august arrangerer Lillestrøm Jazzklubb Deltajazz, med utekonsert og parade på Lillestrøm, jazzcruise på Øyeren og fest ved Fetsund lenser. Delta Stompers og Stokstad/Jensen trad. band spelar.

Programmet finn du på:
<http://home.online.no/~obrubak/Delta2003.htm>http://home.online.no/~obrubak/Delta2003.htm
Du må bla eit hakk nedover sida og klikka på programmet for å finna det.
 

Hordam@il nr. 14/2003

AVSKILSLAG FOR CANEC

Canec Sosa skal no dra heim til Mexico.  Før han dreg har vi tenkt å
halda avskillag for han:

fredag 22. aug. kl. 2000 på restaurant Dinner, Stortingsgata 22.

Påmelding til Eldbjørg Markhus Brekke på epost
... eller telefon 22 16 70 69 innan torsdag
21. aug.

Dei som har lyst å vera med på eit lite vorspiel, kan møta på 3
Brødre på Egertorget kl. 1800 (ikkje påmelding til vorspielet, berre
til middagen kl. 2000).
 

Hordam@il nr. 12/2003

BYGDØYSTEMNET

Søndag 15. juni er det tradisjonelt Bygdøystemne med mykej dans.Ý Start kl. 1300. Hordaringen skal dansa kl. 1600 i Numedalstunet. Program finn du på: <http://www.bls.no/ny_side_4.htm>http://www.bls.no/ny_side_4.htm
 

BLÅTUR I HORDARINGEN

Torsdag har Hordaringen blåtur til Håløygheimen ved Lyseren i Enebakk.Ý Frammøte frå kl. 1800. Ta med grillmat.Ý Treng du skyss, så er det ledige plassar i bilen til Karin, tlf 958 22 749.

www.hordaringen.no
 

Hordam@il nr. 11/2003

KANOTUR 20 - 22 JUNI

Kanoturen går i år til Finnskogen.Ý Det er reservert 8 kanoar som kvar har plass til to personar. Påmelding innan 13. juni til Jarle Skaathun på telefon 22 18 33 86 (p), 64 83 60 43 (a), epost .../ ... eller til Arnfinn Skagestad på telefon 22 27 22 97 (p) 22 94 54 87 (a), epost ...Ý / ... .

Ta med brødmat og grillmat, sovepose, telt og evt. bil.Ý Avreise frå Nordahl Brunsgt. 22 kl 1730.Ý Dersom nokre må ta buss går Timeekspressen kl. 1750 frå Galleriet til Kongsvinger der ein byter buss.
 

SOMMARAVSLUTNING OG BLÅTUR I HORDARINGEN

Torsdag 12. juni har Hordaringen sommaravslutning i Storsalen, Nordahl Brunsgt. 22 kl 1900
Torsdag 19. juni har Hordaringen blåtur. Detaljar på: www.hordaringen.no
 

BYFEST PÅ LILLESTRØM

Ikkje alle veit at Lillestøm fekk bystatus for nokre år sidan. For å minna lillestrømlingane om det, er det GRATIS byfest kvart år i juni.

På <http://www.skedsmo.kommune.no/infotorg/ipub/>http://www.skedsmo.kommune.no/infotorg/ipub/ finn du eit rikhaldig program ved å bla litt nedover sida.

På programmet står m.a. Bjørn Eidsvåg, DDE, Kentucky Riders, Anne Grete Preus, Buskerud (Knut Reiersrud og Vidar Busk), Stokstad/Jensen Trad.band, Østnes Oldtimers og mange fleire.Ý Du kan dansa til både Trond Eric's, Hans Petters og andre.
 

Hordam@il nr. 10/2003

SVENSK GAMMALDANS 16. MAI

I Halli, NB 22 i kveld kl. 1900 - 2300 er det svensk gammaldans med Gränslaget frå Rørosorrådet. 1900 - 2000 er det kurs i hambo, skånsk masurka og snoa. 2000 - 2300 er det svensk gammaldans med litt pols og polska. Pris kr. 80.
 

DANS 17. MAI

17. mai er det brusteinsball på Universitetsplassen kl. 1814 - 2003.

2003 - 2400 er det dans i NB 22. Gränslaget spelar musikk frå Østerdalen. Turdans og songdans. Pris kr. 80/100.
 

EKSAMENSKONSERT

Tysdag 20. mai kl. 1800 og 1930 har Britt Elise Skram og Jorunn Marie Rypdal Kvernberg eksamenskonsert på fele/hardingfele.Ý Desse to vene tausene skulle vera godt kjende i folkemusikkmiljøet for gode resultat på kappleikar og drivande dansespel.

Musikkhøgskulen ligg på Majorstovo rett ved Chateau Neuf.Ý Gratis tilgjenge.
 

OPNING AV DANSEPLATTINGEN

Laurdag 24. mai er det dugnad og opning av danseplattingen på Hordahytta.Ý Sjå:

<http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#dugnaden>http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#dugnaden
 

Hordam@il nr. 09/2003

KVEN VEIT

For femte år på rad har Hordalaget gått til topps i Kven Veit.Ý Etter tre rundar enda vi opp med 71.5 poeng. Røstkvervet kom på andre plass med 67.5 og Vestnes på tredje med 67 poeng.Ý Det vert ikkje finale i år heller, og dermed kan vi brodera namnet vårt på det nye teppet ein gong til.
 

HORDAHYTTA TIL HELGA

Det vert folk på Hordahytta til helga.Ý Men seljefløytekurset er utsett då selja ikkje er kommen langt nok enno.
 

VÅRFEST I LFF

Laget for Folkemusikk har vårfest i Solvang hagekoloni, Sognsveien 90 B, laurdag 10. mai kl. 2000.Ý M.a. Huldraleiken, Gjermund Larsen og Hilde Kirkebøen spelar.Ý Her vert det bygdedans i mange variantar.
 

NIVELKINN

Spelemannsprisvinnarane Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga viser Nivelkinn måndag 12. mai kl. 2000 på teaterbåten Innvik som ligg ved Langkaia 1 i Bjørvika.
 

Hordam@il nr. 08/2003

SISTE INNETRIM

Månag 7. april kl. 1645 - 1800 er det siste innetrim på Olso Katedralskole for i vår.  Etter trimmen går vi ut og et pizza oppe i Bjerregaards gt.  Samstundes seier vi god tur til Tore Hjartnes som skal dra til Sveits.
 

Hordam@il nr. 07/2003

PIZZA OG BOWLING

Vi minner om pizza og bowling onsdag 2. april. Først er det pizza kl. 1700 på Rio Pizza på Egertorget.  Så er det bowling kl. 1900 - 2100 på Oslo Bowling i Torggata 16.

Påmelding innen tirsdag 25. mars til Berit Rørvig, telefon 22 25 67 48 (p) og 22 24 61 26 (a) eller epost: ...
 

KONSERT MED TINDRA

Sundag 30. april er det konsert med Tinda (Åshild Vetrhus, Jorunn Marie Rypdal Kvernberg og Irene Tillung) på Fryd, Karl Johans gt. 6. kl. 1930.
 

FOLKEMUSIKKPUB

Måndag 31. mars kl. 2030 er det folkemusikkpub med Mari Eggen og Helene Høye på "Prøverøret" på Bør og Børson. Den kvelden slepper dei ein ny CD, " Glød", med folkemusikk frå Gudbrandsdalen.
 

SWING OG ROCK MED ZLIPS

Laurdag 5. april kjem Zlips til Folkets hus på Krokstadelva. Dette er eit orkester med "trøkk" i. Mange dansefolk skal dit. Einar i Eiker Dans & Fritid fekk fatt i dette orkesteret før nokon hadde høyrt om dei. No kjem dei att og er svenske dansebandmeisterar.

http://home.c2i.net/eikerdans
 

Hordam@il nr. 06/2003

HYTTETUR MED HORDARINGEN

Det er framleis nokre få plassar att på Hordaringen sin hyttetur til Haglebu i Eggedal kommande helg 21. - 23. mars. Påmelding til Aud-Elin Humberset, tlf. 984 01 903.

<http://www.hordaringen.no/turar.htm>http://www.hordaringen.no/turar.htm
 

TEATER: UNGEN

Lilleborg teatergruppe viser Ungen av Oskar Braaten i Lilleborg kirke på Torshov 22. - 28. mars.Ý Billettar kr. 80/50. Erfaringsmessig er det rift om plassane.

Detaljar finn du hjå Petter Mohn som sjølv er med:

<http://home.online.no/~pjmohn/braatenteater/index.htm>http://home.online.no/~pjmohn/braatenteater/index.htm
 

POLSDANS OG PLAGIATA - I HILMAR ALEXANDERSENS FOTEFAR.

Rundsnuen har fest laurdag 29. mars i Nordahl Bruns gt. 22. Dørene opnar kl. 1815. Konsert kl. 1900. Dans kl. 2000. Familien Larsen og P. A. Røstad jr. orkester m.fl. Pris kr. 250. Påmelding innan ons. 26. mars til Irene Reinskou tlf. 22 22 90 33 (p) eller Astrid Hunderi tlf. 23 07 10 67 (a).

<http://www.folkedans.com/rundsnuen/bilde/plakat_RD-03-06-Hilmar.jpg>http://www.folkedans.com/rundsnuen/bilde/plakat_RD-03-06-Hilmar.jpg
 

Hordam@il nr. 05/2005

"MANN AV HUSE" PÅ JOSEFINE

Onsdag 12. mars kl 2030 har Jan Eggum, Kaia Huse og Frode Berntsen konsert på Josefine viseklubb.Ý Dørene opnar kl 1900, og det kan vera lurt å vera tidleg ute. Fleire frå Hordalaget skal dit.

<http://www.casanostra.no/josefine.html>http://www.casanostra.no/josefine.html
 

Hordam@il nr. 04/2003

SKIFYKING OG KOMLEFEST

Helga 8. - 9. mars er komlefest og skifyking på Hordahytta.  Komlefesten er laudag 8. mars.  Skifykinga er søndag 9. mars.  Klassane er langrenn, skiksyting, hopp og slalåm.  Dette er ein uhøgtideleg konkurranse.  T.d. er det tradisjon at hoppa vert målte i desimeter og resultatet utropt utan desi.

Kjentmannstog frå Oslo S 1540 til Snippen.  Pris 120/140. Ta med frukostmat og sovepose.

Påmelding innan ons. 5. mars.

Merk at arrangementet er flytta ei veke.
 

SPRINGLEIKKURS

Rundsnuen har kurs i springleik frå Vågå og parhalling frå Sør-Fron laurdag 15. feb kl. 11 - 17

http://www.folkedans.com/rundsnuen/bilde/RD-2003-05-vaga.jpg
 

Hordam@il nr. 03/2003

INGEN MÅNDAGSTRIM I DAG OG 10. MARS

Måndagtrimmen har fri i dag 24. feb. og om to veker 10.mars.Ý 3. mars og frå 17. mars er det vanleg trim kvar måndag kl 1645 - 1800 på Oslo Katedralskole.
 

SKIFYKING OG KOMLEFEST

Skifyking og komlefest går av stabelen helga 8. - 9. mars på Hordahytta.Ý Her kan du få hoppet ditt målt i desimeter og lengda oppropt utan desi. Påmelding innan 5. mars.

<http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#komlefest>http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#komlefest

Merk: Kjentmannstoget går kl 1519 frå Oslo S, (ikkje 1540 som det sto i førre Hordam@il, for då er det alt framme på Snippen).
 

MY FAIR LADY

Berit har reservert 15 billettar til My Fair Lady på Oslo nye teater ons. 7. mai.Ý Pris kr. 285.-.Ý Plassane er på 3. og 4. rad balkong. Påmelding til Berit Rørvig seinast torsdag 27. feb. på telefon 22 25 67 48 (p), 22 24 61 26 (a) eller epost mailto: ...
 

UNNI LØVLID PÅ JOSEFINE

Onsdag 26. feb. kl. 2030 held kvedaren Unni Løvid konsert på Josefine viseklubb.

www.casanostra.no/josefine.html
 

Hordam@il nr. 02/2003

ÅRSMØTE I HORDALAGET

Vi minner om årsmøtet kl. 1800 i Småsalen, Nordahl Brunsgate 22.
 

HELGKURS I HORDARINGEN

Hordaringen har helgekurs i swing og Rørospols på Spigerverkarbeidernes feriehjem i Enebakk helga 7. - 9. feb, med start fredag kl 1800.  Swingkurset høver både for nybyrjarar og litt øvde, medan polskurset er for dei som har dansa pols før. Pris kr 500.-. Påmelding til Theresa Fett tlf. 913 22 809, epost ....

http://www.hordaringen.no/Plakat.jpg
 

Hordam@il nr. 01/2003

MÅNDAGSTRIMMEN

Vi minner om at måndagstrimmen startar opp i dag, måndag 6. januar kl 1645 og varer til kl 1800. Sidan er det trim kvar måndag til same tid, i alt 13 måndagar.Ý Tur- og idrettsnemnda vil skipa til ei ordning med halvårskort, men vil ta dette opp på planleggingsmøtet først.
 

PLANLEGGINGSMØTE

I morgon tysdag 7. januar kl 1800 er det planleggingsmøte i småsalen, Nordahl Brunsgt 22.Ý Vi minner nemndene og andre interesserte om å stilla.Ý Vi minner og om innlevering av årsmeldingar frå nemndene same dag.